INNLEIARAR

INNLEIARAR

PRESENTASJON AV ÅRETS INNLEIARAR

Agnes_Ravatn

Agnes Ravatn

Forfattar

Agnes Ravatn er ein av Noregs aller mest aktuelle, underhaldande og spennande forfattarar. Dei siste åra har ho hausta fleire prisar og lovord for den kritikarroste romanen Fugletribunalet og sjølvhjelpsboka Operasjon sjølvdisiplin. Ravatn er opprinneleg frå Ølen men har no busett seg i Valevåg i Sveio. På Nyskapingskonferansen 2016 stiller ho spørsmålet: «Kvifor sosar me, og kva kan me gjera med det»?

Lasse_Berre

Lasse Berre

Fotograf, strateg, konseptutviklar og gründer

Lasse Berre har i over 20 år vore ein av Noregs mest profilerte fotografar. I dag er han like mykje strateg, konseptutviklar og gründer. Han har vore kreativ sjef for Atmel Corporation i Silicon Valley, han har laga reality-TV frå Voss, og er rådgjevar for mange leiarar. Lasse har vore involvert i fleire suksesshistorier med utspring frå NTNU - no sist som partnar og sjef for marknadsføringa av teknologien bak PAI, med førstesideoppslag i sjølvaste Wall Street Journal. På nyskapingskonferansen vil Berre fortelle oss kva han meiner er aller viktigast for at norsk nyskaping kan endre og forandre verda.

Oscar_Hellenes

Oscar Hellenes

Co-Founder og dagleg leiar Key Butler x LOTEL

I 2010 vant Oscar Hellenes NM for Ungdomsbedrifter med DataDong. Oscar har NHH-utdanning og har arbeidd for ein av verdas leiande matentreprenørar og filantrop, Claus Meyer. Han har starta to delingsøkonomikonsept, sist LOTEL i 2015 - som handterer Airbnb-utleige frå A til Å. LOTEL er finansiert av investorar, støtta av McKinsey, opererer i 3 land og 5 byar, og har allereie over 700 kundar. Dette har generert fleire tusen oppdrag og millionomsetnad. Oscar vil gje deltakarane på Nyskapingskonferansen erfaringsbasert inspirasjon om delingsøkonomi og oppstart av nye konsept.

Erik_Lerdahl2

Erik Lerdahl

Professor i kreativitet

Erik Lerdahl er professor i kreativitet ved Høyskolen Kristiania og leiar rådgjevingsselskapet Slagkraft. Lerdahl har arbeidd med ei rekke ulike innovasjonsprosjekt. Han er også forfattar, og har blant anna skrive bøkene Slagkraft, håndbok i idéutvikling og Slagkraftige møter. Lerdahl vil på Nyskapingskonferansen gje deg inspirasjon til: «Kreative løysingar på 1-2-3»!

Ove_Wilhelmsen

Ove Wilhelmsen

Administrerande direktør i Wärtsilä Ship Design Norway

Ove H. Wilhelmsen har arbeidd i den maritime bransjen i meir enn 20 år, blant anna med sal av utstyr og systemintegrasjon til skip og offshore. Han har dei siste åtte åra leia Wärtsilä sine skipsdesignselskap i Singapore og Noreg, og er i dag administrerande direktør i Wärtsilä Ship Design Norway på Fitjar. På Nyskapingskonferansen vil Ove snakka om korleis selskapet han leiar, arbeider med omstilling og innovasjon lokalt på Fitjar, men også om korleis Wärtsilä som globalt konsern ser på nyvinningar som kan skapa ny forretning for selskapet.

Christer_Hansen_Eriksen

Christer Hansen Eriksen

Medgründer og dagleg leiar av Leieting.no

Christer er medgründer og daglig leiar i Leieting.no. Dette er Noregs største marknadsplass for leige av ting og vart etablert i slutten av 2015. Med Leieting.no skal det vera trygt og enkelt å leige ting som bil, båt eller høgtrykkspylar av andre personer i nærområdet ein bur i. På Nyskapingskonferansen får du Christer si høgaktuelle historie.