Foredragshaldarar

Foredragshaldarar

PRESENTASJON AV ÅRETS FOREDRAGSHALDARAR

Isabelle Ringnes

Isabelle Ringnes

Sosial entreprenør

Isabelle er sosial entreprenør og en engasjert profil i tech-bransjen. Ho har blant anna bygd seg opp brei erfaring innanfor teknologi og leiing som blant anna gründer for TENK-Tech-nettverket for Kvinner, som digital leiar i kampanjen for likestilling #hunspanderer, som vert i podkasten 20-30, og som student ved ein av verdas fremste tenketankar i teknologi, Singularity University ved NASA i Silicon Valley 2016.

Ole Bergesen

Ole Bergesen

Fitjarbu, revygründer og humorist

Ole er sveisaren som la bort sveisepinnane og arbeidsleiararbeid i offshoreindustrien, og gjekk til revyscenen. Med stor suksess. Han er ein kar som gjennom kontinuerleg fornying har klart å gjere lokal revy på Fitjar til business. Ole er også kjent for å leie kulturbygget og idrettslaget på Fitjar. Kanskje tek Ole med seg «Fitjarbuen» til Nyskapingskonferansen?

Jan Aage Skaathun

Jan Åge Skaathun

Stordabu, gründer og investor

Stordabuen Jan Åge er både gründer og investor. Han var ein av gründerane i Itslearning i 1999. Seinare har han blant anna jobba som investor og forretningsutviklar i oppstart-selskapet TicketCo, der han også er ein av dei største eigarane. I 2015 starta han sitt eige grunderselskap, Quantfolio, som leverer teknologi som gjer at bankar kan tilby ein intelligent sparerobot for sine kundar.

Arild Saele

Arild Sæle

Utviklar med tryggleiksperspektiv

Arild har ei spennande historie å fortelje om vegen frå ein idé i år 2000 til korleis ideen dei siste åra er sett ut i livet. Hans veg gjennom «dødens dal», erfaringar med offentlige tilskot, folk på vegen, investorar, og korleis han har kome seg i posisjon til å gjere butikk med nokre av Noregs aller største selskap får du også vite meir om når Arild kjem på scenen.

Hugo Strand

Hugo Strand

Frittalande verftsdirektør

Hugo har vore sjef på FMV i 10 år. Han har leia verftet gjennom ei omfattande omstilling, og bedrifta er no meir konkurransedyktig enn nokon gong. Hugo har også erfaring frå Aker Yards Aukra og Sintef MARINTEK. Han er utdanna sivilingeniør frå NTH, og kjent for å vera ein friskus med klare meiningar og stor arbeidskapasitet.

Kathrine Aspaas

Kathrine Aspaas


Kathrine er kjent som leiarskribent og kommentator i Aftenposten, og for bestseljarboka «Raushetens tid». I sitt foredrag stiller Kathrine blant anna spørsmål til dette: Kva skjer med mennesket i ei digital verd? Korleis ser jobbane våre ut framover? Og korleis vil kunstig intelligens gjera verda varmare og meir sosial?